Erstatning etter naturskade

Kva rettar har eg ved naturskadar?

Når naturkreftene fører til skade på eigedom oppstår spørsmålet om kven som skal dekke kostnaden. Eigar, forsikringsselskap eller staten? Her får du litt informasjon om kva som er gjeldenende reglar, og kva rettar du har.

Bilde fra flommen i Kvam i Gudbrandsdalen 2013. Foto - NVE.jpg
Illustrasjonsfoto: Bilde fra flommen i Kvam i Gudbrandsdalen 2013. (Foto: NVE)

Ved naturskade kjem fleire forsikringsordningar inn.

Skade på bustad eller fritidsbustad

Skade på ordinær bustad og fritidsbustad er regulert av lov om naturskadeforsikring . Naturskadar er skade som kjem av «skred, storm, flom, stormflo, flodbølge». Ordninga dekker også «meteorittnedslag, jordskjelv eller vulkanutbrot».

Etter lova dekker brannforsikring på eigedomen også naturskade. Brann fører sjeldan til skade på grunnen. Ved naturskade dekker forsikringa også «hage, hageanlegg og gårdsplass» på inntil fem dekar rundt den brannforsikra eigedomen.

Skade på andre objekt

Brannforsikringsselskapet skal ikkje dekke naturskade på «skog eller avling på rot, varer under transport, motorvogn og tilhenger til bil, luftfartøy, skip og småbåter og ting i disse, fiskeredskap på fartøy eller i sjøen, utstyr i sjøen for produksjon av fisk, fisk i steng, lås eller dam, utstyr for utvinning av olje, gass eller andre naturforekomster på havbunnen»

Bilar, båtar, fly med vidare kan forsikrast mot skade der ingen er ansvarleg.

Skade utanfor etablerte forsikringsordningar

Dei skader som fell utanfor alminnelege forsikringsordningar, kan krevje erstatning ved den statlege ordninga om naturskade. Den er administrert av Landbruksdirektoratet.

Melding av skade

Ved skade er det viktig at denne vert meldt inn så snart som mogleg. Når skade har oppstått må ein normalt melde denne innan eit år etter skaden. Oftebruker ein lang tid på å få avklart det endelege omfanget av skada. Venter ein lenge kan heile kravet gå tapt på grunn av for seint meldt krav. Dersom det er tvil om skada skal dekkast av eige forsikringsselskap, eller den statlege naturskadeordninga, bør ein melde skade til begge.

Utmåling

Ved utmåling av erstatning kjem fleire særreglar inn. For skade som dekkes etter ordinær forsikring skal det sikra ha «full erstatning for sitt økonomiske tap». Erstatning vert utmålet etter «reparasjons – eller gjenskaffelseskostnad».

For den statlege naturskadeordninga vert erstatning for gjenoppretting avgrensa dersom kostnaden er «vesentlig større enn bruksverdien til objektet som er skadet». Det betyr at skade på eigedom som ikkje er i bruk, for eksempel brakk landbruksmark kan verte lav.

Klage ved avslag eller avkorting

Ved avslag eller redusert utbetaling kan ein klage. Forsikringsselskap skal orientere om klaga skal rettast til Finansklagenemnda, domstolane eller den statlege klagenemnda for naturskadeerstatning.